“Har du skrive noko anna enn fantasy?”
– Nei, iallfall ikkje som er utgitt. Eg har andre idear om ting eg har lyst til å skriva – både krim, science fiction, skrekk og meir mainstream samtidslitteratur, men så langt er det fantasy som har vunne.

“Kva er bodskapet i boka/bøkene dine?”
– Hadde det gått an å svara kort og greitt på det spørsmålet, ville eg ikkje brukt fire hundre sider på det. Eg har nok heller ikkje berre eitt bodskap når eg skriv, men eg har tema eg har lyst til å seia noko om. Fleire av bøkene mine handlar om å tenkja sjølv, finna sine eigne svar og ha sjølvtillit til å stå for dei svara, men om det i seg sjølv kan kallast eit bodskap veit eg ikkje heilt.

“Kor får du ideane dine frå?”
– Det er ingen forfattarar som verkeleg kan svara på dette. Idear er noko som berre dukkar opp, og dei kan koma frå kor som helst. MEN: Alle får idear og innfall, heile tida. Forfattarar og andre som jobbar med å laga historier er berre flinkare til å leggja merke til og hugsa på det når det skjer.

For meg er det gjerne slik at når eg jobbar med eit bestemt prosjekt, så går det stort sett og surrar i bakhovudet på meg heile tida. Så les eg kanskje noko i avisa, høyrer ein samtale på bussen eller ser ein kul scene i ein film, og tenkjer: ‘Oi, kanskje det er noko eg kan bruka i boka mi?’ Så vrir eg litt på det, får det til å passa betre med det eg går og tenkjer på, og vips har eg ein idé eg kan jobba vidare med.

“Er du rik?”
– Nei. Dei fleste forfattarar i Noreg tener ikkje godt nok på bøkene sine til å leva berre av å skriva. Det finst sjølvsagt unntak, men som mange andre er eg avhengig av andre oppdrag (som skulebesøk, foredrag o.l) og anna inntekt for å få det til å gå rundt. Kjøp fleire bøker!

“Kvifor ville du bli forfattar?”
– Som liten var eg alltid veldig glad i å lesa, og etterkvart som eg blei eldre blei eg stadig meir fascinert av at ei bok kunne ta meg med til ei heilt anna verd og gi meg slike fantastiske opplevingar. Eg likte å skriva stilar og historier òg, og tanken på å kunna gi andre den same typen leseoppleving som eg sjølv hadde hatt så mange av, var det som fekk meg til å satsa på å skriva bøker.

“Kva er yndlingsboka di?”
Altered Carbon av Richard Morgan. Eg trur ikkje ho finst på norsk, men boka er ei fantastisk og dyster blanding av detektivroman og science fiction-thriller. Ho er stappfull av språklege bilde og glitrande skildringar som fekk meg til å tenkja ‘Dette vil eg òg gjera.’ Det trur eg er eit mål eg alltid kjem til å strekkja meg etter.

“Kvifor skriv du på nynorsk?”
– For meg er det nynorsk som er det mest naturlege skriftspråket. Det var hovudmålet mitt på skulen, og eg fortsette å bruka det vidare i livet òg. Det er ikkje det at eg ikkje kan skriva bokmål (det er ikkje noko vanskelegare enn nynorsk, sjølv om mange kanskje trur det), men det er liksom ikkje meg.