Etter kvart har det blitt ein del turar rundtom i landet på meg. Eg har stort sett vore på besøk på ungdomskular, men òg på vidaregåande, høgskule og diverse bibliotek og festivalar.

Forfattarmøte

Det er dette eg gjer mest av: Ein times klassebesøk med litt høgtlesing og snakk om bøker og skriving. Elevane får

– ei kjapp innføring i fantasysjangeren
– høyra kvifor nokon vil leva av å skriva bøker, og korleis eg endte opp der
– vita litt om korleis det er å vera forfattar og korleis det fungerer å gi ut bøker i Noreg
– ein smakebit på eit par av bøkene mine
– skrivetips, om dei ønskjer det
– sjansen til å stilla ein sprell levande forfattar spørsmål om alt dei måtte lura på

Interaktive historier

– eit foredrag om spel og skriving

Heilt sidan eg var liten har eg vore opptatt av alle mulege former for historieforteljing, det vera seg teikneseriar, eventyr, mytar, film, tv-seriar, høyrespel, rollespel, dataspel eller bøker. Lenge var ulike former for rollespel måten mine eigne forteljingar kom til uttrykk, og dette har påverka meg som forfattar på fleire måtar.

Gjennom eit foredrag på ein liten time gir eg ei kort innføring i dei relative narrative styrkane og svakheitene til dataspel, rollespel og bøker, og korleis både arbeidet med og opplevinga av dei ulike media skil seg frå kvarandre. Elevane får

– høyra om kva data- og rollespel kan gi, og kva dei ikkje gir
– eit innblikk i skriveprosessen og mine tankar om skriving
– tips om kva som skaper ei god og engasjerande historie – nyttig både for lesarar og potensielle skrivarar

Eigna for ungdom- og vidaregåande skule, og alle med interesse for skriving.