Det var vel omtrent på vidaregåande eg først tenkte tanken. Tenk om ein kunne leva av å skriva bøker? Så då russetida var overstått, søkte eg meg til ein folkehøgskule med skrivelinje. Eit voldsomt bevisst og ambisiøst karriereval var det nok ikkje, for det tok mange år før eg faktisk prøvde å få utgitt noko, men det var nok likevel der det heile begynte.

Buskerud Folkehøgskule var der eg først stifta bekjentskap med laiv, og interessa eg allereie hadde for både fantasy og historieforteljing generelt tok ei ny vending. Då skuleåret var over blei eg verande på austlandet. Eg flytta til Oslo og dreiv med rollespel innimellom studiene. Saman med gode venner dikta eg menneskeskjebnar og univers, og leika med fantasy, western, science fiction, skrekk, og mange andre sjangrar. Ideane gjekk frå tankespinn til å fysisk utspela seg, som regel utan noko særleg skriftleg stopp på vegen.

Men eg skreiv jo òg. Samandrag og semesteroppgåver i ymse universitetsfag, ei mellomfagsoppgåve som imponerte forelesarane mine, og ei masteroppgåve som var fleire år for seint ute og med eit nødskrik greidde seg forbi sensuren.

Eg var ikkje spesielt motivert lenger på det punktet.

Men eg hadde iallfall mastergraden. Væpna med kunnskap om globalisering og utviklingsteori, ei djup forståing av nord/sør-spørsmål og ei tru på at eg iallfall hadde utdanna meg på eit felt som betydde noko, gav eg meg i kast med jakta på ein meiningsfylt jobb.

Dersom du kjenner nokon som jobbar innanfor bistand eller med nord/sør-spørsmål, veit du sikkert at dei fleste av dei er svært idealistiske personar som meir eller mindre lever for jobben sin. Dei brenn for saka si, og har gjerne jobba frivillig for fleire organisasjonar sidan ungdomsskulen, om ikkje lenger. Eg innsåg dessverre for seint at eg ikkje eigentleg hadde driv og vilje til å halda følge med dei.

Innimellom jobbsøkinga tok eg til å skriva igjen. Det var ikkje lenger eit like stort ork å setja seg framfor pcen, og det tok ikkje lange tida før eg hadde skrive tjue sider. Så femti, og hundre! Det var ikkje Drakeguten eg starta med, men ideen var der heile tida. Då eg fekk tips om at Samlaget kanskje ville vera interesserte i fantasy for ungdom, tok eg sjansen; eg skreiv ned dei fem første kapitla og sendte dei ein mail.

Det er kanskje det luraste eg har gjort nokon sinne.

Nokre månader seinare hadde eg det svart på kvitt at Samlaget ville gi ut boka. Knapt eit år etter stod Drakeguten i butikkhyllene over heile landet, og eg var i full gang med oppfølgjaren.

Drakeguten kom ut i 2010. Sidan då har eg gitt utt totalt sju bøker, alle med merkelappen ‘fantasy for ungdom’. Eg har vunne fleire prisar for bøkene mine, sist då Galderstjerna blei kåra til årets ungdomsbok og vann Uprisen i 2017.