Galderstjerna
– vinnar av Uprisen 2017

Vegandi-serien er ein fantasy/science fiction-serie om gudar, magi, dataspel og alternative dimensjonar. Vi følgjer Eirik – ein vanleg norsk syttenåring med sterk interesse for gaming og fantasy – som etter eit overfall ein dag vaknar opp på sjukehus med eit underleg symbol prega på brystkassen. Merket går ikkje vekk, og då han prøver å finna ut kva det betyr, fører spora han til dataspelet Reborn, som han speler saman med vennene Khalid og Maria. Snart blir dei alle tre sugd lenger inn i spelet enn nokon skulle tru var mogleg.

Draumsende 
– ute hausten 2018

Første bok i serien – Galderstjerna – kom ut hausten 2016 og blei kåra til Årets Ungdomsbok året etter. Oppfølgjaren Draumsende er ute hausten 2018. I andre bok oppdagar Eirik meir om sine eigne evner og kva for skjebne galderstjerna på brystet hans har utpeikt han til. Ting er i ferd med å ta ei farleg vending, men kva skal til for at resten av vegandi skal ta åtvaringane hans på alvor før det er for seint?

Klikk på bilda for å koma direkte til forlaget sin nettbutikk.