Drakeguten

Det er fem bøker i serien om Drakeguten. Kvar av dei – dei to siste kanskje i litt mindre grad – kan lesast som ei sjølvstendig historie, men det er heilskapen som er poenget. Bøkene følgjer ungguten Koll frå han først høyrer Nordavinden snakka til han og framover gjennom ei rekkje problem og utfordringar. Kvar bok endrar han, og det er langt frå stallguten vi møter i Drakeguten til den unge mannen vi tar avskjed med i slutten av Fredlaus.

Med eld i hjartet

Bøkene blir kategoriserte som ungdomsbøker, men som mykje anna i fantasysjangeren fungerer dei godt langt utover kjernemålgruppa og har trufaste lesarar på alt frå ti til sytti.

Serien er spennande og actionfylt, med alt ei fantasyhistorie treng av sverdsvinging, trolldom og mystiske skattar. Samtidig tar bøkene for seg eit lovlaust samfunn i endring, og handlar like mykje om korleis Koll veks og utviklar seg i møte med farene han står overfor som korleis han vinn over dei. Ein del oppvekstroman, ein del politisk thriller og ein solid dose eventyr.

Klikk på bilda for å koma direkte til forlaget sin nettbutikk.

Mørkemanaren

Kampen om Kervad

Fredlaus